Quantcast
Channel: Holbergprisen - Universitetet i Bergen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 364

Ledig vikariat: Prosjektleiar i Holbergsekretariatet

$
0
0
Ved Holbergsekretariatet er det ledig stilling som prosjektleiar. Stillinga er eit vikariat frå 1. november 2016 til 1.november 2017, med mogleg høve til forlenging.

Prosjektleiar (vikariat) ved Holbergsekretariatet

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen vert delt ut årleg og er den største av sitt slag i verda. Nils Klim-prisen for yngre, nordiske forskarar og forskingskonkurransen Holbergprisen i skolen er og ein del av porteføljen til Holbergprisen. Sekretariatet vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennom Holbergstyret.

Ved Holbergsekretariatet er det ledig stilling som prosjektleiar. Stillinga er eit vikariat frå 1. november 2016 til 1.november 2017, med mogleg høve til forlenging. Prosjektleiar rapporterer til Holbergprisens faglege leiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg administrativ leiing av Holbergprisen sitt arbeid, m.a. informasjonsarbeid, personaloppfølging, kontraktar, interne rutinar

  • Førebu og sette i verk vedtak fatta i Holbergstyret

  • Kontakt med nominatorar, samarbeidspartnarar og ulike institusjonar

  • Strategiutvikling, budsjett- og rekneskapsarbeid

  • Planlegging og gjennomføring av større arrangement, nasjonalt og internasjonalt

  • Stillinga inneber ein del reising nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på minst masternivå innan samfunnsvitskap, humaniora, juss eller teologi. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning

  • Relevant administrativ praksis, inkludert erfaring frå internasjonalt informasjonsarbeid

  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk

  • Erfaring frå planlegging og gjennomføring av arrangement

  • Kjennskap til internasjonal forsking og forskingsorganisering er ønskeleg

  • Evne til å ta initiativ, være fleksibel, vand med å handtere mange oppgåver samtidig, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig og være ein god lagspelar i en liten organisasjon

  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Stilling som prosjektleiar (kode 1113) i lønssteg 55- 58 (for tida kr. 470.000 – 498.000) i det statlege lønsregulativet.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagleg leiar Ellen Mortensen, Holbergsekretariatet, tlf 55 58 23 20, epost: ellen.mortensen@uib.no eller assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden, tlf 975 57 140, epost: tore.tungodden@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknadsfrist: 06.09.2016

Søknaden merkast: 16/8585


Viewing all articles
Browse latest Browse all 364