
STILLINGSUTLYSING:
UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen vert delt ut årleg og er den største av sitt slag i verda. Nils Klim-prisen for yngre, nordiske forskarar og forskingskonkurransen Holbergprisen i skolen òg den del av porteføljen til Holbergprisen. Sekretariatet vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennom Holbergstyret.
Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgivar i fast stilling med oppstart hausten 2015.
Vi søkjer ein dyktig person til å styrke vårt kommunikasjonsarbeid. Du vil måtte jobbe målretta opp mot journalistar og ulike medium innanfor dei fagfelta som prisane dekkjer. Som del av sekretariatet er du ansvarleg for å følgje opp og gjennomføre tiltak knytt til drift og vidareutvikling av Holbergprisen, Nils Klim-prisen og Holbergprisen i skolen. Vi ynskjer at du kan formidle og skape engasjement for Holbergprisane sine forskingsfelt.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for vidareutvikling av kommunikasjonsarbeidet ved sekretariatet nasjonalt og internasjonal
- Dagleg kommunikasjonsarbeid med mellom anna tekstproduksjon, mediekontakt. årsrapportar og an publikasjonar, samt formidling av nyhende frå organisasjonen
- Oppdatering og produksjon av innhald til sosiale medium og på nettsidene
- Gjennomføring av arrangement og arbeidsoppgåver knytt til verksemda ved kontoret.
Søkjarar må ha utdanning på masternivå eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i særskilte høve oppnåast gjennom lang praksis frå arbeid som er relevant for stillinga.
Den som vert tilsett må ha:
- Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.
- Erfaring frå arbeid med presse og sosiale medium.
- Erfaring frå koordinering og planlegging av arrangement.
- Kjennskap til internasjonal forsking og forskingsorganisering er ein fordel.
Me søkjer ein kreativ person med interesse for samfunnskontakt og utoverretta verksemd. Du må kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig, samt vere ein god lagspelar i ein liten organisajon. Vi vil legge stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga, samt søknadsteksten.
Løn etter lønstrinn 50–58 (kode 1434). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:
Solveig Stornes, prosjektleiar, Holbergsekretariatet, telefon: 55 58 69 92
Tore Tungodden, assisterande universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, telefon: 55 58 20 68
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre ettersendast dersom du får melding om det.
Søknaden skal merkast: 15/7298
Søknadsfrist: 16.08.2015